r/Nordmenn • u/FoxNo5218 • 11h ago
Pasientar ved Sjukehuset Østfold fekk beskjed om dødeleg sjukdom på telefon – NRK Østfold
Folk får veldig alvorlege diagnosar slengde rett i fjeset over telefon. Det er hjarterått, og det er ei uverdig behandling av folk, seier Mona Larsen.
Ho er leiar for brukarutvalet ved Sjukehuset Østfold og har fått fleire varsel om slike episodar.
Leiar av brukarutvalet ved Sjukehuset Østfold, Mona Larsen
Larsen fortel mellom anna om ein pasient som fekk beskjed om ein dødeleg sjukdom på telefon, heilt utan oppfølging. Saka er meld inn i sjukehuset sitt eige klagesystem.
– Det bør ligge i ryggmergen til helsepersonell at alvorlege diagnosar seier ein når pasienten er til stades. Du risikerer jo at folk går heilt i kjellaren. Det har ein ikkje kontroll på når ein berre tar ein telefon, seier ho.