Har betalt 300.000 kroner
Nettselskapet Fagne skal ha sendt ut rundt 400 volt på straumnettet i ein periode på sju minutt, noko som førte til omfattande øydeleggingar på elektriske installasjonar og utstyr.
Hellerslien har lagt ut, og rekninga er på over 300.000 kroner.
– Vi får ikkje vite kva vi faktisk endar opp med før oppgjeret er ferdig. Først får vi minimalt med informasjon, og så blir vi sittande igjen med heile problemet og rekninga sjølv, seier han.
Ein feil frå straumselskapet gjorde at fleire hundre volt blei sendt inn på straumnettet og inn til bebuarar i Tysvær.
Nettselskapet har vist til bebuarane sine eigne forsikringsselskap for erstatning. Mange må dekke eigedelar og aldersfrådrag utan garanti for eventuelle seinskadar.
– Vi finn stadig nye ting som har slutta å verke, og vi aner ikkje om det utstyret som framleis fungerer, er trygt å bruke over tid, seier Hellerslien.
Han viser til ein dimmar på badet som verkar normalt, men då dei opna han, var den heilt smelta og sotete innvendig.
– Det er ein utruleg frustrerande og usikker situasjon å stå i.